En perfekt skoledag!

I haust begynte eg (Erik Kårvatn) og Edvard Sætran Solli på randoneelinja på Tingvoll VGS. Det er den einaste randoneelinja i Noreg i dag. Der får vi skreddarsydd treningsopplegg til rando, og anna idrettar viss vi ønskjer det. I skuletida trenar vi mykje saman med andre utholdenheitsutøvarar. På Tingvoll får ein vere med på mykje forskjellig, som for eksempel når vi på utholdenheitsgruppa vart tekne med på jakttur på Kårvatn i skuletida. Randoneelinja på Tingvoll er ny for skuleåret, og er tenkt for oss som satsar mot store meisterskap, og for dei som vil prøve seg på topptur. Skulen har fått støtte til å kjøpe inn utstyr for å låne ut til elevar som vil prøve seg på randonee.

 

Fredag den 18. oktober var det duka for sesongens første skitur for oss på randoneelinja. Vi satt oss i bilen etter lunsj og var spente på om det var nok snø til å få gått på ski. Vi fekk med oss dei to lærarane Jonas Modin Rismhyr og Jens Magne Gjul. Destinasjonen var Trolltind. Vi kjørte så lang vegen var, før vi tok beina fatt og retta blikket mot Troltind. Vi bar skia ca. 1 km før vi nådde opp til snøen. Da tok vi på oss skia og sette i veg for første gong på mange månader. I starten var vi litt spente på forholda, når vi stadig gjekk igjennom snøen og fekk treffe på stein. Når vi kom lenger opp i høgda var det skare og betre skiføre. Det lova godt for resten av turen!

 

 

Så kom vi over kanten og opp på ryggen. Der blei vi møtt av ein fantastisk utsikt. Vi følgde deretter ryggen opp mot toppen av Trolltind. Når vi kom opp på toppen, var det tid for å få i seg litt mat, og nyte utsikta.

Så var det tid for å starte nedkjøringa. I fin solnedgang suste vi nedover på skara. Det var deilig å endeleg få sette nokre fine svingar ned fjellsida. Føret var overraskande bra, og vi fekk ein god fornøyelse på tur ned. Så tok snøen slutt og vi måtta ta av skia og gå ned mot bilen igjen. Når vi var komne ned smilte alle breitt, og vi var alle einige om at dette hadde vore ein fantastisk tur, og at det heilt sikkert kjem til å bli fleire slike turar i løpet av vinteren.

Produkter brukt på turen

Varen er på lager.
Varen er bestilt fra leverandør og leveringsdato er bekreftet.
Varen er bestilt fra leverandør, men leveringsdato er ikke bekreftet.
Varen må bestilles fra leverandør.
Varen befinner seg på fjernlager.
Varen er bestilt fra leverandør, men leveringsdato er ikke bekreftet.
Varene bestilles fra vår leverandørs lager.
Ubekreftet - Ta kontakt med kundesenter for nærmere informasjon.